Lutro Gard ligg i Hardanger i Ullensvang herad. Garden ligg ved Sørfjorden omlag 2,3 kilometer frå Lofthus og 7,8 kilometer frå Kinsarvik.
Lutro Gard vert i dag dreven av ekteparet Helga Opedal og Olav Strand. Garden har lange tradisjonar som fruktgard og har vore i Helga sin familie sidan 1706. På Lutro Gard finn du både produksjon og vidareforedling av frukt og gardsmatutsal.
Me kan tilby gardsbesøk med vandring i frukthage, omvising i produksjonslokaler, handling i butikk og overnatting for dei som måtte ynskje det.