Lutro Gard
  • Hjem
  • Eigne produkt
  • Kontakt oss
  • Søk
  • Menu Menu

BUTIKKEN

Gardsbutikken på Lutro er lagt til unike lokaler. Den gamle grindaløa frå 1878 står like fin i dag, med gråsteinsmurar og skifertak. Me har lagt stor vekt på estetikk og at det skal vera ei oppleving  å vitja butikken. I dag finn du ein fin kombinasjon mellom ny og gamal tid i lokala, noko kombinasjonen med moderne foto og gardsmat er med å underbyggja. Å ta turen innom butikken på Lutro Gard er ei oppleving for både ung og gamal.

I butikken kan du få kjøpt fersk frukt, som moreller, eple, pærer, plommer. Eigne produkt frå Lutro Gard, som hermetiserte moreller, plommer og eple.

Butikken fungerer og som galleri og her kan du få kjøpt flotte fotografier, både i svart/kvitt eller fargar.

Me har og noko husflid, nydelege produkt i skinn og vevnad.

Opningstider: Butikken er open i juli og august- elles etter avtale. Ring 95237206

Scroll to top